Fasteaksjonen er i gong, og også i år er den digital. Gi eit bidrag på vipps, sms eller konto.
No er det fastetid, og fasteaksjonen er i gang. Heller ikkje i år kan vi sende konfirmantane rundt med fastebøsser. Derfor oppmodar eg alle som kan om å støtte opp om denne digitale innsamlingsaksjonen.
Publisert av Kyrkjene i Bygland Onsdag 3. mars 2021
Korleis støtte aksjonen?
Fastebøsse
I Kyrkjebladet for Bygland vart det sendt ut fastebøsse, der ein kan overføre beløpet til Kirkens nødhjelp.
Facebook
Kyrkjelyden har oppretta ein innsamlingsaksjon på Facebook. Den finn ein på denne sida: www.facebook.com/Byglandskyrkjene/
Vipps
Vippsnummer er 2426
Bankkonto
Kontonummer er 1594 22 87493
Tekstmelding
Ein kan også lett sende ein SMS til 2426 med kodeord VANN. Da vert det automatisk trekt 250 frå mobilrekninga.
Heimeside
På fasteaksjonen si heimeside finn ein mykje fin informasjon. Mellom anna reportasjar om menneske som har fått lagt inn reint vatn i landsbyen sin. Sida har denne adressa: www.fasteaksjonen.no
Oppdatering på fasteaksjonen
https://bygland.kyrkjelyd.no/Artikler/Artikkeldetaljer/ArticleId/2086/Fasteaksjon-21-23-mars
Vassjenta
Fem år gamle Champo Miyambo elskar vatn, derfor passer det ho perfekt at ho no berre kan gå nokre meter bort til brønnen. Slik har det ikkje alltid vore.
Tekst: Anette Torjusen Foto: Jason Mulikita/Fairpictures.
Vi møter den blide femåringen ved pumpa som no gjev reint vatn til landsbyen. I dag er ho med storesystera si Mary på 13 år for å fylle opp kannene med reint vatn.
Champo bur i landsbyen Kasalaulo i Zambia saman med 1753 andre. Ho bur i eit hus som ho deler med mamma Susan og sine fem sysken.
– Der borte bur eg, seier ho og peiker på eit lite hus laga av gras og leire. Utanfor trippar hønsa, mens eit par av søskena hennar slappar av på trappa.
Måtte gå i timevis
Champo er så liten at ho ikkje kan minnest korleis det var å ikkje ha reint vatn. For før Kirkens Nødhjelp bora ein brønn i 2018, måtte dei drikke og lage mat av vatnet dei henta i elva langt unna. Før dei fekk reint vatn i landsbyen, var dei mykje sjuke. Elva var deira einaste kjelde til vatn. Den var både skitten og full av bakteriar. Mamma Susan fortel at det var mye slit og sjukdom. I tillegg måtte dei gå langt.
Glad i frukt
Champo har ikkje begynt på skulen enno, så når ho ikkje er ute og leiker med syknene eller venene sine, liker ho å hjelpe mamma Susan med å lage mat. – Eg er veldig glad i mango, smiler ho. I landsbyen dyrkar de mango, sharon og ein rotgrønsak som heiter kassava. Den smaker nesten som potet. I tillegg sel mora hennar fisk på marknaden. Så dei har ofte fisk på menyen heime.
Vesleboren
Champo elskar å vere med familien sin, og ekstra stas er det å være med veslebror Chishimba. – Eg bruker å mate han, og det er gøy. I landsbyen er dei ikkje lenger uroa for at borna skal bli sjuke av skittent vatn, men heller at dei skal bli smitta av covid-19. Derfor er det ekstra viktig at landsbybebuarane har tilgang til reint vatn, til både handvask og for å hindre utbrot av andre sjukdommar i tillegg til pandemien.
Forandre. For andre.
Se for deg at du vaknar i morgon, og at når du skrur på vatnet for å pusse tennene kjem det skittent vatn ut av krana. Drikk du vatnet risikerer du å bli sjuk, og du får heller ikkje vaska hendene. Dette er realiteten for mange menneske i landa Kirkens Nødhjelp arbeider i, og viss koronaviruset kjem i tillegg til ureint vatn, kan konsekvensane bli enorme. Pengane Kirkens Nødhjelp samlar inn til Fasteaksjonen i år, er viktigare enn nokon sinne – og DU kan være med å gjere ein skilnad!
I dag lever 785 millionar menneske i verda utan tilgang til reint vatn. Aldri før har reint vatn og såpe vore så viktig som no under pandemien. Dette er jo noko som vi tek som heilt sjølvsagt. Det er det ikkje for alle. Ureint vatn tek liv, og det er alltid dei små borna det går verst ut over. No kan vi hjelpe Kirkens Nødhjelp med å byggje fleire brønnar og redde fleire liv. For 250 kr kan du gje eit menneske tilgang til reint vatn resten av livet. Det er ikkje meir enn 8 halvliters flasker med Coca Cola.
Bli med! Forandre! For andre!
Fasteaksjonen er Noregs nest største innsamling, og har vore arrangert i over 50 år. Tidlegare har det vore konfirmantar som har stått bak bøssebæringa. Dei har banka på i dørene i kommunen og med deira innsats har vi kunne vi gje reint vatn til menneske som ikkje har hatt tilgang til det. I fjor vart innsamlinga heildigital og dessverre gjer pandemien det vanskeleg å gå frå dør til dør også i år. Vi sett svært stor pris på om du støtter Bygland kyrkjelyd si digitale bøsse. Reint vatn er viktigare enn nokon gong. Tusen takk for di livsviktige støtte!