Tekster https://bibel.no/Nettbibelen/Kirkearets-tekster?slang=nynorsk11&snorder=36
Andre opplysninger Bygland og Årdal sokn > Kalenderdetaljer (kyrkjelyd.no)
Gudsteneste 5. søndag i påsketida 2021
Sandnes kyrkje 2. mai kl. 16.00.
Klokkeringing.
Preludium / forspill til salme.
189 Å salige stund uten like
Å salige stund uten like, han lever, han lever ennu!
Han vandrer i seierens rike, min sjel, hvorfor sørger da du?
Han er ikke lenger i graven, hvor bleknet i døden han lå;
/: jeg levende så ham i haven, og aldri så skjønn jeg ham så. :/
Han lever, og jeg skal få bringe hans venner det salige ord -
tenk, jeg som er ringest blant ringe, den minste han kjenner på jord.
Tenk, jeg skal hans hilsen frembære, å, kunne jeg synge det ut!
/: Mer kunne ei engler begjære enn gå med så salig et bud. :/
Å salige stund uten like, han lever, han lever ennu!
Han vandrer i seierens rike, min sjel, hvorfor sørger da du?
Du søkte din trøst i den døde og dvelte ved gravnatten kun;
/: så fikk du den levende møte, å salige, salige stund! :/
ML | Samlingsbøn.
ML | Gode Gud, du som gjev liv til alt som lever, vi prisar deg for alt det vakre på vår jord, og for alt som lèt oss kjenna at du er god.
Her for ditt andlet bed vi: Gjev oss lyttande øyre, takksame hjarte og tenande hender, så vi kan høyra ordet ditt, lovprisa deg for di miskunn, og i ord og gjerning vitna om dine storverk. Gud, vi bed. Amen.
P| Nåde være med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.
Syndsvedkjenninga.
P| Lat oss bøya oss for Gud og sanna syndene våre.
A| Heilage Gud, himmelske Far, sjå i nåde til meg, syndige menneske, som har såra deg med tankar, ord og gjerningar og kjenner den vonde hug i hjarta mitt. For Jesu Kristi skuld, ha tol med meg. Tilgjev meg alle mine synder, og gjev at eg må ottast og elska einaste deg.
P| Så høg som himmelen er over jorda, så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han. Så langt som aust er frå vest, tek han syndene våre bort frå oss. Sal 103,11-12
Bønerop.
A| Kyrie eleison, Gud Fader, miskunna oss. Kriste eleison, Herre Krist, miskunna oss. Kyrie eleison, Heilag Ande, miskunna oss.
Lovsong.
P| Ære vere Gud i det høgste
A| og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i. Vi lovar deg, vi prisar deg, vi tilbed deg, vi opphøgjer deg. Amen.
Dagens bøn
ORDET
P| Seier: Lat oss høyra Herrens ord.
Første lesinga (kyrkjelyden sit). 1 Kongebok 17,8-16
Salme
378 Da Jesus satte sjelen fri
Da Jesus satte sjelen fri, brøt lyset frem på livets sti,
og da jeg fikk ham selv å se, jeg glemte jordens sorg og ve.
Omkved:
Halleluja, min sjel er fri! Min trellestand er nå forbi.
På land og hav min sak er klar, hvor Jesus er, jeg himlen har.
Så fjern Guds himmel syntes meg før Jesus åpenbarte seg.
Men nå har han den brakt så nær at himlen i mitt hjerte er!
Omkved
Hva gjør det så om her på jord i hytte eller slott jeg bor?
Er dagen skyfull eller klar, hvor Jesus er, jeg himlen har!
Omkved
Å dype fred, å stille ro! Gud selv vil i mitt hjerte bo!
Å leve det er Kristus her, og døden selv en vinning er.
Omkved
Andre lesinga (kyrkjelyden sit). Romarbrevet 12,1-3
Salme 395
Å Jesus Krist, eg kjem til deg, lat meg din nåde få!
For vende du deg bort frå meg, kvar skulle eg vel gå?
Du einast er den frelsar sann ein syndar treng på jord.
Du alle frelsa vil og kan, og du har livsens ord.
Så bed eg deg, min Frelsar god, mi synd du meg tilgiv!
Reins hjarta med ditt dyre blod, og gjev meg evig liv!
Evangelium
Halleluja A| Syng Frå Norsk Salmebok 2011: 977,5. Hallelujaomkvede
Evangelielesing: Lukas 13,18-21.
L/ML | Det står skrive i evangeliet etter…
Lesinga sluttar med:
L/ML | Slik lyder det heilage evangeliet.
Hallelujaomkvedet blir teke oppatt (Respons)
Preike.
Truvedkjenninga.
A| Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.
Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den Heilage Ande,
fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus
vart krossfest, døydde og vart gravlagd fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå og døma levande og døde.
Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene,
oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.
Salme
492: Salige visshet.
Salige visshet: Jesus er min! Han er min hyrde, kaller meg sin.
Salige visshet! Allting er vel! Jesus har kjøpt meg, legem og sjel!
Omkved:
Han er min glede, han er min sang, ham vil jeg prise livsdagen lang.
Ham skal jeg evig love hos Gud, han er min brudgom, jeg er hans brud.
Allting jeg gav ham, allting jeg vant, evighetsdagen herlig opprant,
himlen er åpen, engler fra Gud bringer til jorden kjærlighets bud.
Omkved
Nå kan jeg hvile fullkommen glad, veien er banet inn til Guds stad,
hjertet er renset, skylden betalt, selv er jeg intet, Jesus mitt alt.
Omkved
ML| Kunngjeringar
Forbøn
P | Vend mot kyrkjelyden: Lat oss vende oss til Gud i bøn!
ML|(Ved lesepulten): Allmektige, evige Gud, vi takkar deg og prisar ditt heilage namn, for du er god og di miskunn tek aldri slutt.
P | Vend mot altaret: Lat oss be for folk og nasjonar i verda.
ML| Kjære himmelske Far!
Vi ber særskild for flyktningar og krigsofre, for dei som lir urett og som er undertrykte rundt omkring i verda. Lat alle folk og nasjonar leve saman i fred og tryggleik.
(Aktuelle bønetema kan takast med).
P | Lat oss be for vårt eige land og folk.
ML| Kjære himmelske Far!
Vi ber for dei som er sjuke og einsame, for sørgjande, for arbeidslause og heimlause, for dei som sit i fengsel. Vi ber òg for alle dei som nyleg er komne til landet vårt. Hjelp oss å ta godt imot dei, og lat dei kjenna seg velkomne her i Noreg.
(Aktuelle bønetema kan takast med).
P | Lat oss be for den verdsvide kyrkja og kyrkja i vårt eige land.
ML| Kjære himmelske Far!
Vi ber særskild for misjonsprosjektet vårt i Kambodsja. Må du gje alle born og unge høve til å gå på skule og få seg utdanning.
Må du gje eining mellom alle truande. Styrk forkynnarar og misjonærar rundt omkring i verda, og gje dei styrke og glede i arbeidet. Velsign særskild alle dei som vert forfylgde på grunn av si tru.
(Aktuelle bønetema kan takast med).
P | Lat oss be for vår eigen kyrkjelyd, familiane våre og staden der vi bur.
ML| Kjære himmelske Far!
Vi ber for gudstenestelivet, for diakoniarbeidet og for trusopplæringa vår. Gje oss alle mot og vilje til å tene deg.
Velsign dei som har sin bustad på Byglandsheimen.
Vi ber òg for alle frivillige medarbeidarar i kyrkje og bedehus. Gje oss alle styrke og visdom til å gjere ei god gjerning i ditt rikes vingard. Lat oss kjenne at vi står saman i Guds rikes arbeid.
Så bed vi for familiane. Lat heimen vere ein god og trygg plass for alle. Lat Bygland vere ein god kommune å bu i og virke i for oss alle.
Be eventuelt for offerformålet.
(Aktuelle bønetema kan takast med).
Gje oss alle av din fred. Det bed vi deg om vår Gud og Far.
Kvar for oss vil vi no leggja fram for deg det som ligg oss på hjarta.
Stille bøn.
I Jesu Kristi namn bed vi til deg, vår Gud og Far.
Bønesalme. Frå salmer 1997, Nr. 161:
Å Gud, høyr vår bøn, å Gud, høyr vår bøn.
Når vi bed, gjev oss svar. Å Gud, høyr vår bøn,
å Gud, høyr vår bøn. Kom og ver du oss nær.
Fader vår.
A| Vår Far i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.
Salme
800: Du sanne lys, Treeining sæl. O lux beata trinitas Av: Ambrosius av Milano på 300-talet.
Du sanne lys, Treeining sæl, du Herre som gjer allting vel,
når soleld sloknar og går ned, send inn i hjarta lys og fred!
Vi prisar deg i morgongry, om kvelden stig vår song på ny.
Med audmjuk bøn vi lovar deg i tida her og æveleg.
Deg, Herre, vere lov og ros, Gud Fader, du som skapte oss,
Guds Son, som har oss atterløyst, Guds Ande, du vår sæle trøyst.
VELSIGNINGA.
P| Lat oss prisa Herren!
A| Gud vere lova! Halleluja, Halleluja, Halleluja!
P| Herren velsigne deg og vare seg. Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred. +
A| Amen (3x)
3x3 bøneslag
Postludium
Sending P| Gå i fred. Ten Herren med glede.