Ny diakon i Øvre Otredal


Åse Gudrun Thortveit er tilsett som ny prostidiakon i Øvre Otredal.

Etter at prostidiakon Per Emanuelsen slutta i jobben som prostidiakon for Øvre Otredal, vart Åse Gudrun Thortveit tilsett i eit eitt-åreg engasjement som diakonimedarbeider frå og med 01.08.2023.

På bakgrunn av søknad, etter stillingsutlysing i Fædrelandsvennen og Setesdølen,  har me gleda av å meddela at Åse Gudrun Thortveit no har vorten fast tilsett i ei 50 prosent som diakon i Øvre Otredal.

Dei som er med i diakonisamarbeidet i Øvre Otredal er Bygland og Årdal sokn, Valle og Hylestad sokn og Bykle sokn.

Formell arbeidsgjevar for diakonen er Bygland kyrkjelege fellesråd, som og er sekretariat for diakonisamarbeidet.

Me ønskjer Åse Gudrun Thortveit til lukke som ny diakon i Øvre Otredal, og Guds rike signing over liv og teneste.

Olav Nilsen

kyrkjeverje Bygland

sekretær for diakonisamarbeidet i Øvre Otredal

Tilbake