Innkalling til fellesråds- og soknerådsmøte 04.06. kl. 19.00


Møteinnkalling tysdag 4. juni kl. 19.00, i kyrkjekontoret på Bygland.

Til medlemmene i Bygland kyrkjelege fellesråd og Bygland og Årdal sokneråd.

 

MØTEINNKALLING  TYSDAG 4.JUNI KL.19.00

Det vert herved innkalt til nytt møte i Bygland kyrkjelege fellesråd og Bygland og Årdal sokneråd.

Møtet vert halde tysdag 04.06.2024 kl.19.00 på Kyrkjekontorets møterom.

Om nokon vert forhindra frå å møta,  ver grei å seie frå snarast til underteikna på

tlf. 982 99711, eller mail: kbnilsen@hotmail.com

 

SAKER TIL HANDSAMING:

Sak 16/24        Status og framdrift Austad kyrkje Tveit – Fellesrådssak

Sak 17/24        Strategi for auka gudstenesteoppslutning – Soknerådssak

Sak 18/24        Årsfest – Soknerådssak

Sak 19/24        Orienteringssaker –  Soknerådssaker

 

Bygland kyrkekontor, 14.05.2024

Olav Nilsen, kyrkeverje

 

 

Sak 16/24       Status og vidare framdrift Austad kyrkje Tveit –  Fellesrådssak

FRAMLEGG TIL VEDTAK:

Det vert innhenta tilbod frå 5 leverandørar på nytt elektrisk anlegg i Austad kyrkje Tveit med følgjande alternativ:

  1. Nytt elektrisk anlegg utan oppvarming
  2. Nytt elektrisk anlegg med oppvarming i form av benkevarmarar

Begge alternativ i høve til løysingsforslag frå Evje Elektriske, framlagt som eige vedlegg i sak 15/24.

I tilbodsforespurnaden vert det teke atterhald om naudsynt kommunal finansiering.

 

Sak 17/24       Strategi for auka gudstenesteoppslutning – Soknerådssak

FRAMLEGG TIL VEDTAK:

Saka vert lagt fram til vidare drøfting

 

Sak 18/24       Årsfest – Soknerådssak

FRAMLEGG TIL VEDTAK:

Saka vert lagt fram til vidare drøfting

 

Sak 16/24       Status og vidare framdrift Austad kyrkje Tveit – Fellesrådssak

Ein syner til sak 15/24, der kyrkjeverja la fram følgjande framlegg til vedtak:

  1. Bygland og Årdal sokneråd tilbyr Bygland kommune å overta Austad kyrkje Tveit.
  2. Årdal kyrkje Grendi, Bygland kyrkje, og Sandnes kyrkje Åraksbø vert vidareført som no til gudstenestlege handlingar, gravferdshandlingar og andre kyrkjelege arrangement.
  3. Sandnes kapell vert vidareført som no til gudstenestlege handlingar i sommarhalvåret, men eventuelle gravferder og andre kyrkjelege handlingar vinterstid vert lagt til ei av dei kyrkjene som fell inn under punkt 2.
  4. Alle 6 kyrkjegardar og gravlegging på desse vert vidareført som no.

 

I møte 08.04.2024 vart det fatta følgjande samrøystes vedtak:

Endeleg vedtak om status for Austad kyrkje Tveit vert utsett i påvente av ein tilbodsforespørsel på nytt elektrisk anlegg til fleire leverandørar.

Når desse tilboda føreligg må Bygland kyrkjelege fellesråd sende ein sak til kommunestyret om naudsynt finansiering.

Punkt 2-4 i opphaveleg framlegg til vedtak vert tekne bort då desse punkta bør koma opp i eigen sak som vidare strategi for alle kyrkjene i Bygland.

Under drøftinga av denne saka kom det fram eit ønskje om å utgreie varmepunpe som alternativ oppvarming.

Ein tok difor kontakt med Ånen Trygsland, som er den største leverandøren av varmepumper på Indre Agder.

 

Etter ei befaring i Austad kyrkje Tveit 23.04.24 sende han følgjande rapport:

Austad Kirke - forprosjekt

Vurdering av oppvarming med varmepumpe

Jeg har hatt en befaring i kirken tirsdag den 23.04 sammen med Steinar Holte fra Evje Elektriske.

Oppvarmingsbehovet i en gammel trekirke, med høyt under taket, er stort. I forprosjektet er det antydet at det det trengs ca 25 kW til oppvarming.

Skal man bruke varmepumpe til oppvarming her bør man ha minst 4 stk. varmepumper for å få fordelt varmen og for ikke å få for mye sjenerende luftstrøm.

Inne delene til varmepumpene kan man finne greie plasser til for montering. Utedelene bør det lages fundament til, pluss at det bygges noe rundt, slik at det passer inn til kirkebygningen. De vil etter min mening likevel bli skjemmende inn til den fine bygningen.

Skal man få varmepumpene til fungere, er man avhengig av å holde en temperatur på minst 10 grader pluss i bygningen gjennom vinteren. Man kan ikke basere seg på å varme opp lokalene fra minusgrader, med varmepumpe, noen få ganger i løpet av vinteren. Det vil ikke fungere om det blir for kaldt.

Ut i fra dette går jeg ikke noe lengre i utgreingen nå.

Jeg anbefaler ikke å montere varmepumper for oppvarming av Austad Kirke utfra en samlet vurdering.

Ønsker dere likevel mer utgreing angående varmepumper i kirken, vil vi stå til disposisjon.

Bjelland 29.04.2024

Ånen Trygsland AS

Marnarveien 4471

4536 BJELLAND

Ånen Tygsland

Tlf 91553071

Utfrå dette tilrår kyrkjeverja at ein legg vekk oppvarming med varmepumpe som eit alternativ, og innhenter pristilbod på følgjande alternativ:

  1. Nytt elektrisk anlegg utan oppvarming
  2. Nytt elektrisk anlegg med oppvarming i form av benkevarmarar

Begge alternativ i høve til løysingsforslag frå Evje Elektriske, framlagt som eige vedlegg i sak 15/24.

Ein ber om tilbod frå 5 leverandørar.

 

Sak 17/24       Strategi for auka gudstenesteoppslutning og anna kyrkjeleg verksemd

Ein syner til sak 11/24, der det vart fatta slikt samrøystes vedtak:

Soknerådet inviterer til eit åpent folkemøte før sommaren for å få innspel til stategi for auka gudstenesteoppslutnad.

Ein kjem attende til møtetidspunkt.

Saka vert lagt fram til vidare drøfting om praktisk gjennomføring av dette.

 

Sak 18/24       Årsfest.

Ein syner til sak 13/24, der vart fatta slikt samrøystes vedtak:

Årsfesten vert lagt til Olsokfeiringa i Sandnes kapell måndag 29.juli.

Nærare detaljar vert drøfta i neste soknerådsmøte.

Saka vert lagt fram til vidare drøfting.

Tilbake