Møtereferat tysdag 13.08. kl.19.00


Referat frå soknerådsmøtet 13.08.

Til medlemmene i Bygland kyrkjelege fellesråd og Bygland og Årdal sokneråd.

 

Møtet vart halde tysdag 13.08.2024 kl.19.00 på Kyrkjekontorets møterom.

Til stades: Gro-Tove Frafjord Sandnes, Liv Sigrun Upsal, Øyvind Aakhus, Susanne Hegenscheidt,

Ann-Cecilie Andersen, Ivar Dahl, Tor Austad Bjørgum og Kjell Steinbru.

Forfall: Even Simensen.

 

Sokneprest Kjell Steinbru åpna med Jesaja 57.15:

Så seier han som er høg og opphøgd,

han som tronar evig,

Den heilage er hans namn:

I det høge og heilage bur eg

og hos den som er knust og nedbøygd i ånda.

Eg vil gje ånda liv hos dei som er bøygde ned,

gje hjartet liv hos dei som er knuste.

 

Etter ei kort bøn var det eitt minutts stillheit for Synne Maria Frøysnes som nett har gått bort.

 

Bygland, 14.08.2024

 

 

Olav Nilsen

referent

 

SAKER TIL HANDSAMING:

Sak 20/24       Tilbod på nytt elektrisk anlegg Austad kyrkje Tveit –  Fellesrådssak

 

SAMRØYSTES VEDTAK:

Tilbodet frå Evje Elektriske på kr.692.500,- vert akseptert.

Til fradrag kjem dugnagsinnsats estimert til ein verdi av kr.70.000,-

Nærare detaljar rundt dette vert avklart i eige møte, der og kyrkjeverja deltek.

Saka vert så sendt over til Bygland kommune med søknad om dekning av investeringa, samt ei auke på kr.50.000,-

i årleg driftstilskot for å kunne gjenåpne Austad kyrkje Tveit til vanleg drift.

Tilbake