Tysdag 29.juli var det duka for ei ny olsokfeiring i Sandnes kapell.
REGNFULL OG INNHALDSRIK OLSOKGUDSTENESTE MED INTERNASJONALT PREG!
Tekst og foto: Olav Nilsen
Tysdag 29.juli var det duka for endå ei olsokfeiring i Sandnes kapell.
Veret synte seg ikkje frå si beste side, og regnskyene låg tunge over Åraksfjorden mest heile dagen.
Men då gudstenesta tok til var det opphaldsver, og mange gilde Byglendingar og tilreisande hadde samla seg på kyrkevollen.
Og på kyrkjegardsmuren sat to smilande unggutar og åt medbragt middagsmat. Dei var ikkje berre vanlege tilreisande, men hadde tatt turen på sykkel heilt frå København.
Brødrene Eliah og Jesse var frå Frankfurt, men den eldste av dei studerte teologi i København. Planen var å sykle vidare opp Setesdal, over Haukeli og like til Bergen. Der ville foreldra og dei tre systrene deira koma og henta dei på returen heim.
Gutane fann snart vegen inn på gudstenesta, der dei jamvel song av full hals på fellessongane.
Og sia regnet etter gudstenesta bøtta ned att i store mengder, vart dei attpåtil budd på overnatting frå ein av gudstenestedeltakarene.
"Der det er hjarterom er det husrom" som me plar seia.
Og hjarterom var det inni kyrkja og!
Vår alles kjære Susanne Hegenscheidt hadde gjort klart både kaffi og kjeks i rikelege mengder, sia grilling på Kyrkjeodden på ingen måte freista denne gongen!
Organist Oddbjørn Stakkeland spelte på det gode gamle amerikanske trøorgelet så det var ein fryd, og fellessongen frå eit nesten fullsett kapell ljoma så taket mest reiste seg!
Sokneprest Kjell Steinbru var i storform, og tala levande og engasjert over dagens tekst.
På denne dagen hugsar me jo spesielt Olav den heilage som kristna Noreg for snart 1000 år sia, fylt av takksemd over alt det kristen tru og tanke har betydd for land og folk i slekt etter slekt i vårt fagre fedreland langt her oppe i nord!
Det var med stor takksemd og glede me atter ein gong reiste heimatt etter nok ei gild Olsokfeiring i Sandnes kapell!