Bygland og Årdal sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Er du vår nye kyrkjetenar?


Vil du vere med og skape gode rammer rundt kyrkja sitt arbeid i Bygland, og ta vare på kyrkjebygga våre? Vi har ledig ein 20% kyrkjetenarstilling i Bygland og Årdal sokn, med søknadsfrist 13.september.

Bygland kyrkjelege fellesråd søkjer ein engasjert og påliteleg kyrkjetenar i 20 % stilling.

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

  • Praktisk tilrettelegging og gjennomføring av gudstenester
  • Teneste ved kyrkjelege handlingar som dåp, vigsler og gravferder
  • Klargjering, opning og stenging av kyrkjene
  • Reingjering og orden i kyrkjebygga
  • Enkelt tilsyn og vedlikehald
  • Andre praktiske oppgåver etter behov

Arbeidsstad

Tenesta omfattar arbeid ved følgjande kyrkjestader:

Bygland kyrkje, Austad kyrkje i Tveit, Sandnes kyrkje på Åraksbø, Årdal kyrkje i Grendi, Sandnes kapell og Austad gamle kyrkjegard.

 

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer ein medarbeidar som:

  • Er praktisk anlagt og arbeidsam
  • Kan arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Har gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
  • Har respekt for kyrkja sitt oppdrag og dei kyrkjelege handlingane
  • Har førarkort og disponerer eigen bil
  • Er medlem av Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ei variert og meiningsfull stilling
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Medlemskap i offentleg pensjonsordning

Anna informasjon

Stillinga er på 20 % gjennomsnittsberekna arbeidstid. Arbeid på kveldstid, i helgar og på kyrkjelege høgtidsdagar må påreknast. Arbeidstida varierer gjennom året etter behovet ved dei ulike kyrkjestadene.

Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja. Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande regelverk for Den norske kyrkja.

Søknad

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kyrkjeverje Anne Synnøve Ropstad på telefon 90916664.

Søknad med CV sendast til ar375@kyrkja.no  innan 13.september 2026.

Tilbake