Informasjon om registrering av dåp.
Velkomen til dåp i Bygland! I dåpen legg vi barnet sitt liv og framtid i Guds hender.
Ei salme som ofte syngast i samband med dåp seier mykje om kva dåpen handlar om:
Fylt av glede over livets under,
med et nyfødt barn i våre hender,
kommer vi til deg som gav oss livet.
Fylt av beven foran ukjent fremtid
legger vi vårt barn i dine hender.
Det som skjer i dåpen, gir oss trygghet.
Påmelding til dåp vert no administrert av Bygland si kyrkjeverje. Kontakt difor aller fyrst .... .. .. . Ho har telefonnummer .. .. .. .. Ho kan også kontaktast på denne e-posten
Her på denne sida kan de skrive inn barnet til dåpen i det digitale registreringsskjemaet. Men først må det altså avtalast med kyrkjeverja kva for ein gudsteneste dåpen skal vere i.
For å starte utfyllinga treng ein eit 11-sifra fødselsnummer. De vil få ein kode på sms for å gå vidare i prosessen.
Vel kyrkje og dato som de ønskjer, og fyll ut skjemaet. Ein kan seinare redigere skjemaet etter at det er lagra.