Orientering om gudstenesta. I samband med kyrkjerådet sitt vedtak om justering av gudstenesteordninga som fann stad i 2020, skulle det også informerast om dette på eit soknemøte. Pandemien gjorde dette vanskeleg. No tek vi ein gjennomgang av den justerte ordninga på årsmøtet den 12. mars. Møtet blir på grendehuset i Åraksbø rett etter gudstenesta som er i Sandnes kyrkje kl. 14.00.