Møtereferat soknerådsmøte måndag 08.04.2024


Til medlemmene i Bygland og Årdal sokneråd

MØTEREFERAT  MÅNDAG 08.04.2024

Møtet vart halde måndag 08.04.2024 kl.19.30 i kommunestyresalen.

Desse møtte:

Gro Tove Frafjord Sandnes, Susanne Hegenscheidt, Øyvind Aakhus, Even Simonsen, Tor Austad Bjørgum, Liv Sigrun Upsal og Ivar Dahl.

Kjell Steinbru og Ann-Cecilie Andersen hadde meldt forfall.

 

I tillegg var 20 tilhøyrarar tilstades, og desse fekk høve til å stille spørsmål i sak 15/24.

Fellesrådssakene 15/24 og 12/24 vart handsama først.

 

Sak 11/24       Strategi for auka gudstenesteoppslutning og anna kyrkjeleg verksemd

SAMRØYSTES VEDTAK:

Soknerådet inviterer til eit åpent folkemøte før sommaren for å få innspel til strategi for auka gudstenesteoppslutning.

Ein kjem attende til møtetidspunkt.

 

Sak 12/24       Bruksendring bibliotek og bankbygg

SAMRØYSTES VEDTAK:

Bygland kyrkjelege fellesråd har ingen merknader til dette.

 

Sak 13/24       Årsfest.

SAMRØYSTES VEDTAK:

Årsfesten vert lagt til Olsokfeiringa i Sandnes kapell måndag 29.juli.

Nærare detaljar vert drøfta på neste soknerådsmøte.

 

Sak 14/24       Orienteringssaker

Bygland og Årdal Sokneråd står som formell arrangør for Gaither-konserten med Reggie og Ladye Love Smith i Bygland kyrkje 12.juli kl.19.00. Dette i samarbeid med Bygland bibel- og naturcamp og Skjærgårdsgospel.

 

Sak 15/24       Status og vidare framdrift Austad kyrkje Tveit

SAMRØYSTES VEDTAK:

Endeleg vedtak om status for Austad kyrkje Tveit vert utsatt i påvente av ein tilbodsforespørsel på nytt elektrisk anlegg til fleire leverandørar.

Når desse tilboda føreligg må Bygland kyrkjelege fellesråd sende ein sak til kommunestyret om naudsynt finanseiring.

Punkt 2-4 i opphaveleg framlegg til vedtak vert tekne bort då desse punkta bør koma opp i eigen sak om vidare strategi for alle kyrkjene i Bygland.

 

Bygland, 08.04.2024

Olav Nilsen

kyrkjeverje

Tilbake