Møtereferat soknerådsmøte 04.11.2024
Til medlemmene i Bygland og Årdal sokneråd og Bygland kyrkjelege fellesråd
MØTEREFERAT
Bygland og Årdal sokneråd og Bygland kyrkjelege fellesråd hadde møte måndag 4.11 kl.19.00 på kyrkjekontorets møterom.
Desse møtte: Ann Cecilie Andersen, Gro Tove Frafjord Sandnes, Susanne Hegenscheidt, Liv Sigrun Upsal, Even Simensen, Kjell Steinbru og Ivar Dahl.
Øyvind Aakhus og Tor Austad Bjørgum hadde forfall.
Kjell Steinbru åpna med å lesa frå 1. Samuelsbok 16.7 og 1.Kor.26 og utover.
Sak 23/24 Driftsbudsjett for Bygland kyrkjelege fellesråd 2025 – Årsprognose 2024.
SAMRØYSTES VEDTAK:
Vedlagte budsjettframlegg slik det gjeng fram av kolonne ”Budsjett 2025” vert fastsett som Fellesrådets driftsbudsjett for 2025.
I tillegg søker ein Bygland kommune om eit tilskot til nytt elektrisk anlegg i Austad kyrkje Tveit på netto kr.622.500,- og eit tilskot til reperasjon av taket på Årdal kyrkje Grendi på inntil kr.1 million.
Det er ein føresetnad for gjenåpning av Austad kyrkje Tveit at det kommunale driftstilskotet vert auka med kr.50.000,- i året.
Sak 24/24 Gudstenesteliste - Offerliste 2025 – Ny misjonsavtale
SAMRØYSTES VEDTAK:
Gudstenesteliste og offerliste for 2025 vert vedteke slik det gjeng fram av vedlegg 2
Frå og med 01.01.2025 gjer ein avtale med Den norske Israelsmisjon om ”Machaseh” som nytt misjonsprosjekt for 2025 og 2026.
Det vert gjennomført ei brukeundersøking om framtidig kyrkjebruk i høve til dei ordinære gudstenestene. Susanne Hegenscheidt utarbeider eit forslag til brukerundersøking som ho sender ut til soknerådsmedlemmene.
Sak 25/24 Orienteringssaker
Det vert førjulssamling for soknerådet og dei tilsette på Revsnes Hotel tysdag 3.12.2024.
Janne Theodora Wikstøl er frå 01.10.2024 tilsett som trusopplærar i Bygland og Årdal sokn.
Det har kome forepurnad om leige av Bygland kyrkje til bryllaup neste sommar. Ein er einige om å framleis ikkje ta leige for slike og liknande arrangement.
Konsert/minnedag med Ingamay Hørnberg 03.11.2024 samla 120 tilhøyrarar, og det vart servert kyrkjesuppe og lefser.
Bygland kyrkjekontor, 04.11.2024
Olav Nilsen
kyrkjeverje